Terje Breivik
Terje Breivik | |||
Terje Breivik Foto: Bård Ek/Venstre | |||
Fødd | 24. mars 1965 (59 år) Ulvik herad | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, offentleg tenestemann | ||
Alle verv |
|
Terje Breivik (fødd 24. mars 1965 i Ulvik) er ein norsk politikar for Venstre og tidlegare skikyttar. Han har vore 2. nestleiar i partiet sidan 2012 og vald inn på Stortinget frå Hordaland fylke sidan 2013. Før dette var Breivik generalsekretær i Venstre 2004–2012 og ordførar i Ulvik herad 1995–2001.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Han melde seg inn i Venstre som 22-åring i 1987, og sat i Ulvik heradsstyre 1988–2003.[1] Han var ordførar 1995–2001 og leiar i Ulvik Venstre 2001–2003. Vidare hadde han vore leiar i Hordaland Venstre sidan 2000 og medlem av programkomiteen til Venstre føre stortingsvala i 1997 og 2001 før han vart tilsett som generalsekretær sommaren 2004. Våren 2012 vart han vald til 2. nestleiar i partiet,[2] og vart seinare same året nominert som 1. kandidaten til Vestre til Stortinget frå Hordaland.
Breivik er utdanna kommunalkandidat, og har bakgrunn som gründer og dagleg leiar i breibandsselskapet INO AS i Ulvik. Han har også vore lærarvikar, rektor ved Ulvik kommunale musikkskule, leiar for eit stadutviklingsprosjekt og helse- og sosialsjef i Eidfjord kommune.[3]
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Breivik vart norsk meister i skiskyting då han gjekk fyrste etappen på Hordaland sitt lag som vann 4 x 7,5 km stafett under NM i skiskyting 1991 på Steinkjer. Dei andre på vinnarlaget var Sverre Istad, Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Terje Breivik» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sporty rockar vil på Stortinget». NRK. 6. august 2013.
- ↑ «Breivik ny nestleder i Venstre». NRK. 14. april 2012.
- ↑ «Ny generalsekretær». Venstre. 8. juni 2004.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Terje Breivik». Venstre.
- Oppslag i Dagbladet