Masud Gharahkhani
Masud Gharahkhani | |||
| |||
Fødd | 22. september 1982 (42 år) Teheran | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, radiograf | ||
Utdanna ved | Høgskolen i Gjøvik | ||
Far | Bijan Gharahkhani | ||
Alle verv |
|
Masud Gharahkhani (fødd 22. september 1982) er ein norsk radiograf og politikar, fødd i Teheran i Iran og oppvaksen frå 1987 i Skotselv i Buskerud. Han har sidan 2017 representert Buskerud fylke/valkrins og Arbeidarpartiet på Stortinget. Stortinget valde 25. november 2021 Gharahkhani til stortingspresident etter at Eva Kristin Hansen trekte seg.[1]
Gharahkhani var medlem 2007-11 i Buskerud fylkesting og 2007-10 medlem i Øvre Eiker kommunestyre. Etter han busette seg i Drammen var han medlem bystyret frå 2011 til -17. I 2017 fekk han tredjeplassen på Arbeidarpartiet si liste til stortingsvalet og vart innvald til Stortinget. Perioden 2017-21 var han medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringer i presidentskapet», Stortinget (på norsk), 25. november 2021, henta 13. desember 2021