Adam G. Riess
Adam Guy Riess (fødd 16. desember 1969) er ein amerikansk astrofysikar ved Johns Hopkins University og Space Telescope Science Institute, mest kjend for arbeidet sitt med å kartlegge ekspansjonen til universet med hjelp av supernovaer. I 2011 vart Riess tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[1] Riess delte halvparten av prisen med Brian Schmidt, medan Saul Perlmutter vart tildelt den andre halvparten.
Saman med Brian Schmidt leia Riess High-z Supernova Search Team, den eine av de to forskargrupper som i 1998 samtidig oppdaga at ekspansjonen til universet akselererer.[2] Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi og oppdaginga vart utnemnd til «Breakthrough of the Year» av tidsskriftet Science 1998.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adam G. Riess» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html
- ↑ Adam G. Riess; Supernova Search Team (1998). «Observational evidence from supernovae for an accelerating universe and a cosmological constant». Astronomical J. (116): 1009–38. doi:10.1086/300499.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]