Donald A. Glaser
Donald Arthur Glaser | |||
Donald A. Glaser | |||
Fødd | Donald Arthur Glaser 21. september 1926 (98 år) Cleveland i Ohio | ||
---|---|---|---|
Død | 28. februar 2013 Berkeley | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | University of Michigan University of California at Berkeley | ||
Alma mater | Case Western Reserve University i California Institute of Technology | ||
Doktorgradsrettleiar | Carl David Anderson | ||
Kjend for | Boblekammer | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1960) Elliott Cresson-medaljen (1961) | ||
Ektefelle | Ruth Bonnie Thompson, Lynn Bercovitz | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Physical Society |
Donald Arthur Glaser (21. september 1926–28. februar 2013) var ein amerikansk fysikar og nevrobiolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1960 «for oppfinninga av boblekammeret».
Glaser fullførte sin Bachelor of science i fysikk og matematikk ved Case Western Reserve University i 1946, og fullførte sin filosofiske doktorgrad i fysikk ved California Institute of Technology i 1949. Han godtok ei stilling som instruktør ved University of Michigan og vart forfremma til professor i 1957. Videre vart han ein del av fakultetet ved University of California, Berkeley som professor i fysikk i 1959. Under denne tida omfatta forskinga hans kortliva elementærpartiklar. Boblekammeret tillet han å observere mønstra og levetida for partiklane.
Frå 1962 endra Glaser forskingsfelt til molekylærbiologi og han starta med eit prosjekt om kreft indusert av ultrafiolett stråling. I 1964 vart han gjeven tilleggstittelen professor i molekylærbiologi. Frå 1989 var Glaser professor i fysikk og nevrobiologi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Donald A. Glaser» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1926
- Døde i 2013
- Nobelprisvinnarar frå USA
- Jødiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- USA-amerikanske fysikarar
- USA-amerikanske nevrobiologar
- Folk frå Cleveland
- Eksperimentelle fysikarar
- USA-amerikanske jødar
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Fysikarar på 1900-talet