Hopp til innhald

Mariner 10

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mariner 10

Mariner 10 var den siste romsonden i det amerikanske Mariner-programmet. Han vart skoten opp 3. november 1973 og flaug forbi både planeten Merkur og planeten Venus. Mariner 10 var den første romsonden som brukte ein planet sitt gravitasjonsfelt for å endre fart og lengderetning.

Målsetjingar

[endre | endre wikiteksten]

Måla med romsonden var å undersøke atmosfæren og overflata til Merkur og Venus. Sekundære mål var å få erfaring med ei dobbel gravitasjonsslyngje, der sonden skulle nytte tyngdekrafta frå dei to planetane til å endre fart og retning. Mariner 10 vart den første romsonden til å nytte denne metoden som seinare vart nytta av Voyager 1, Cassini-Huygens og av romsonden Ulysses.

Venus i vanlege fargar, prosessert frå Mariner 10-bilete tekne med klare og blå filter
Mariner-fotografi av Venus tekne i ultrafiolett lys

Mariner 10 vart skoten opp 3. november 1973, omtrent to år etter Mariner 9. Ved dei første vekene etter oppskytinga vart kameraet i romsonden testa ved å returnere fem mosaikkbilete av jorda, og seks av månen. Månen sin nordpol vart òg ytterlegare fotografert der tidlegare biletdekking var dårleg.

Mariner 10 passerte planeten Venus den 5. februar 1974 og var 5 768 kilometer ifrå på det næraste. Med ultrafiolette kamerae var det mogleg å sjå skylag som knapt var synleg i vanleg lys. Ein har tidlegare kunna sjå desse skylaga frå jorda med ultrafiolette kamera, men detaljane sett frå Mariner 10 overraska mange.

Mosaikkbilete av planeten Merkur

Etterpå gjorde Mariner 10 tre forbiflygingar av planeten Merkur. Den første forbiflyginga hende den 29. mars 1974, den andre forbiflyginga 21. september same året, og den tredje og siste forbiflyginga gjekk føre seg den 16. mars 1975. Romsonden Mariner 10 kartla 40 % av overflata til Merkur og oppdaga ein tynn atmosfære og eit magnetfelt.

Undersøkinga vart avslutta den 24. mars 1975, då romsonden gjekk tom for drivstoff. Romsonden går no i bane rundt sola, men elektronikken om bord er nok mest truleg skada av stråling frå sola.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy