Hopp til innhald

Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pavel Tsjerenkov)
Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov

Fødd28. juli 1904
Voronezj oblast i Det russiske keisardømet
Død6. januar 1990 (85 år)
Moskva i Russland
NasjonalitetRussisk
Områdekjernefysikk, optikk, høyenergifysikk
Yrkekjernefysiker, oppfinnar, fysikar
InstitusjonarLebedev-instituttet for fysikk
Moskvas energitekniske institutt
Det nasjonale universitet for nukleær forskning
Alma materVoronezh Statlege Universitet
DoktorgradsrettleiarSergey Vavilov
Kjend forTsjerenkovstråling
EktefelleMaria Putintseva
MedlemDet sovjetiske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences

Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov (russisk: Павел Алексеевич Черенков) (28 . juli 19046. januar 1990) var ein sovjetisk fysikar som vann Nobelprisen i fysikk i 1958 «for oppdaginga og tolkinga av tsjerenkoveffekten». [1]

I 1934 observert Tsjerenkov eit utslepp av blått lys frå ein flaske med vatn som var blitt utsett for radioaktiv stråling. Dette fenomenet som var knytt til atomære partiklar som flytta seg med snøggleik større enn lysfarten i det lokale mediet, viste seg å vere av stor tyding i seinare eksperimentelt arbeid innan atomfysikk, og for studiar av kosmisk stråling. Dette vart seinare kalla Tsjerenkov-effekten og er blitt ein del av standardutstyret i atom-forskinga for å observere eksistensen og snøggleiken til høgsnøggleikspartiklar.

Pavel A. Tsjerenkov har òg deltatt i utviklinga og bygginga av elektron-akseleratorer, og i undersøkingar av foto-kjernefysisk og foto-meson-reaksjonar.

Han vart tildelt ei rekke prisar i Sovjetunionen. Den første prisen fekk han i 1946, og han fekk ytterlegare to prisar i 1952 og 1977. I 1958 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av Tsjerenkov-effekten. Han vart òg tildelt medalje og vart utnemnd som Helt av Sovjetunionen for det sosialistiske arbeidet sitt i 1984.

  1. «Nobelprisen i fysikk 1958» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy