Hopp til innhald

Forbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forbruk eller konsum er eit omgrep innan økonomi som vert brukt om forbruket av varer og tenester på siste hand, det vil seie hjå forbrukarar i sluttleddet i verdikjeda. Inntekter i sluttleddet som ikkje vert konsumerte går til sparing, anten i form av finanssparing, investering eller eksportoverskot. Opplysningar og informasjon om konsumet i Noreg vert levert av Statistisk sentralbyrå. Med forbruksvarer eller konsumvarer er meint alle varer og produkt som eignar seg for direkte konsum av sluttforbrukarane, til dømes privatpersonar, skular eller sjukehus. Motsett er kapitalvarer eller innsatsvarer nemninga på råvarer, halvfabrikat eller maskiner som ikkje vert brukte direkte, men som vert nytta i produksjon av andre varer.

Innan samfunnsøkonomien ser ein på to typar konsum. Offentleg konsum er dei utgiftene som staten og kommunane har til for eksempel offentlege tenester. Offentleg konsum omfattar tenester og varer som vert brukte av offentlege institusjonar, som er åtte av staten, fylke eller éin eller fleire kommunar. Privat konsum er kjøp av varer og tenester til forbruksformål som er gjorde av hushald og ideelle organisasjonar. Det inkluderer òg utrekna avkastning på bustadkapitalen for hushald som eig eigen bustad. Derimot vert bustadkjøp rekna som realinvestering, ikkje konsum.

Fordeling av konsum på ulike varer og tenester er mellom anna avhengig av pris og inntekt. I samsvar med den modellen som forsørgingsbalansen er bygd opp på, kan dei produserte varene og tenestene anten konsumerast eller verte investerte.

Det er vanleg å skattleggje konsum med meirverdiavgift («moms») i vestlege land, med om lag 7–25 % av verdiane til vara eller tenesta. Avgifter på konsum kan innrettast for å påverke åtferda til konsumentane, for eksempel gjennom høgare avgifter på bensin, flyreiser eller bilar enn kva ein legg på andre varer. Fordelings- og miljøhensyn er dei vanlegaste motiva for å skattleggje konsum, men (progressiv) inntektsskatt vil nesten alltid ha større fordelingseffekt enn forbruksskattlegging.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy